Foreslår rømmingshol i krabbeteiner

Fiskeridirektoratet foreslår at også teiner som skal brukast til fangst av krabbe i fritidsfisket bør ha rømmingshol. I dag er det berre hummarteiner som har krav til rømmingshol i tillegg til fluktopningar.

Det blir også foreslått å endre krava til rømmingshol i hummarteiner, slik at dei samsvarer med krava som no vert foreslegne for krabbeteiner. 

Hummarteiner som det vart montert rømmingshol i etter nye reglar i 2018 kan framleis brukast når årets hummarfiske tek til.

Unngå spøkelsesfiske

Kvart år går mange teiner tapt på sjøen under fiske. Sidan september 2017 er det registrert meir enn 3 000 tapte teiner gjennom Fiskeridirektoratets fritidsfiske app, men det samla talet er nok mykje høgare.

Berre i hummarfisket på Sørlandet viste undersøkingar i 2008 eit teinetap på 9 % i fritidsfisket og 4 % for yrkesfisket. Dette gjev eit tal på rundt 2200 teiner.

Dei seinare åra har ein gått over frå tradisjonelle treteiner til teiner av syntetisk materiale.  Syntetiske teiner kan drive «spøkelsesfiske» over mykje lenger tid enn treteiner dersom du mister dei.

Rømmingshol skal redusere faren for «spøkelsesfiske» ved å sikre at skaldyr og fisk kan ta seg ut av teina dersom den går tapt eller på annan måte blir ståande igjen i sjøen.

Oppdatert: 02.07.2019