Beslag av ulovlege teiner i Møre og Romsdal

Det har vore fleire kontrollar av reiskapar langs kysten i forkant av årets hummarsesong. I Møre og Romsdal var det ein felleskontroll i dagane før hummarfisket opna som medførte beslag av 112 ulovlege teiner.

Felleskontrollen i Møre og Romsdal var eit samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, Kystvakten, Statens Naturoppsyn og Sunnmøre og Romsdal Fiskesalgslag. Det vart beslaglagt 112 teiner og 2 ruser i løpet av dei dagane aksjonen varte. Samtlege forhold er anmeldt og den som fiskar hummar ulovleg kan vente seg store bøter.

- Først og fremst er vi ute og kontrollerer at folk ikkje fiskar hummar før sesongen starta 1. oktober. Mange av beslaga vi gjorde under kontrollen er basert på tips. Vi får mange tips om ulovleg fiske og det er vi svært glade for, seier seksjonssjef for kontroll i Fiskeridirektoratet region Midt, Karl Anton Lorgen.

Kontrollane avslører at teinene er satt ut for å fiske hummar med for små fluktopningar, men teinene er stort sett korrekt merka.

Under denne aksjonen vart farvatn på Nordmøre, rundt Ålesund og på Søre Sunnmøre kontrollert. Det har vore liknande aksjonar både i region Vest og region Sør i tida før 1. oktober.

Oppdatert: 02.10.2019