Laksefiske i sjøen

Oppdatert: 04.07.2017
Vill atlantisk laks. Foto: © ScanStockPhoto, Jon Helgason

Det er Miljødirektoratet som har ansvar for forvaltinga av laksefisk i sjøen. 

Fylkesmannen i det enkelte fylket vedtar dessutan lokale reglar. Det same kan kommunane gjere. Du må derfor sjekke om det er spesielle reglar for det området der du vil fiske.

I utgangspunktet kan vi fiske i sjøen med stong eller handsnøre etter laks, sjøaure eller sjørøye heile året. Det kan gjelde unntak frå dette i bestemte område og periodar.

Avstand til vassdrag

I den tida det ikkje er tillate å fiske i vassdrag, må du fiske minst 100 meter frå grensa mellom elv og sjø (eller frå elveutløpet, dersom grensa mellom elv og sjø ikkje er fastsett). Ver merksam på at fylkesmannen kan ha utvida området og tidsrommet for fiskeforbodet. 

Frå båt

Ved fiske etter laksefisk frå båt, er det tillate å bruke to reiskap (stong eller handsnøre) per båt. Det er berre tillate med eitt agn per stong eller handsnøre.

Ikkje laks med garn

Når du fiskar med garn etter andre artar, pliktar du å sette garnet slik at du ikkje får laks, sjøaure eller sjørøye. Frå 1. mars til 30. september må du senke garnet, slik at heile fangstdelen står minst tre meter under havoverflata til ei kvar tid.

Dette gjeld i utgangspunktet garn med meir enn 32 mm mellom maskene (målt frå knutes til knutes midtpunkt), men fylkesmannen kan gjere nedsenkingspåbodet gjeldande også for garn med mindre masker.

Meir informasjon om laksefiske får du hos Miljødirektoratet eller fylkesmannen.