Jakt på kystsel

Oppdatert: 25.01.2018

Fylkeskommunen har ansvar for kystseljakt, og ingen kan delta i jakt på kystsel utan løyve frå fylkeskommunen i det området jakta skal gå føre seg.

Steinkobbe. Foto: © ScanStockPhoto, John Sandøy

Det er fylkeskommunen som behandlar søknader om fellingsløyve for sel langs norskekysten, registrerer talet på felte dyr og stoppar jakta når kvotane er berekna tatt.

Ein må også vende seg til den enkelte fylkeskommune for å få vite gjenverande kvote.

Søknadsskjema og spørsmål vedrørande deltaking i jakt på kystsel, inkludert rapportering av skoten sel, må derfor sendast til den fylkeskommunen der jakta skal gå føre seg.

Fiskerimyndigheitene har det totale forvaltingsansvaret for kystsel og fastset årlege kvoter, jakttider for dei ulike artane og reglar for gjennomføring av jakta.

Det er krevande å jakte på kystsel, og for å delta må ein ha avlagt skyteprøve for storviltjegerar.

I det sørlege Noreg vert det jakta mest på steinkobbe og havert. Lenger nord vert det også jakta på ringsel og grønlandssel.

Jakttider

Havert

For havert kan det i områda sør for Stad gjevast jaktløyve i perioden 1. februar – 30. september og i områda nord for Stad i perioden 2. januar – 15. september.

Steinkobbe

For steinkobbe kan jaktløyve gjevast i perioden 2. januar – 30. april og 1. august – 30. september.

Ringsel og grønnlandssel

For ringsel og grønlandssel kan løyve berre gjevast i perioden 2. januar – 30. september.