Du er her:

Meld tapt fiskereiskap i fritidsfiske

Oppdatert: 29.06.2017

Fiskeridirektoratet har drive opprensking av tapte fiskereiskapar på dei viktigaste fiskefelta langs kysten i 30 år. Gjennom dette arbeidet er det tatt opp vesentlege mengder med ulike reiskapar.

Formålet med å melde tapt reiskap

Det finns lite kunnskap om tap av fiskereiskap i fritidsfisket. Skjult utnytting ved såkalla «spøkelsesfiske» er noko vi ikkje ynskjer. Ved å rapportere om tapt reiskap, kan du bidra til å auke kunnskapen om mengde, årsak og geografisk fordeling.

Dette vil igjen kunne bidra til at det kan utviklast løysingar og settast i verk tiltak som kan redusere den skjulte utnyttinga.

Vi vurderer å ta med tapsmeldingane frå fritidsfiskarar i den årlege opprenskinga etter tapte fiskereiskapar frå det kommersielle fisket.

Kven skal melde tapt reiskap?

Alle som har mista fiskereiskap i fritidsfisket.

Data frå innsendte tapsmeldingar blir tilgjengelege for Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet og bidrar i arbeidet med å utvikle løysingar som kan redusere faren for skjult utnyttig.    

Meld tap i fritidsfiskeappen

Vi har laga ein egen app med reglane som gjeld i fritidsfisket. I den kan du også melde frå om tapt eller funne utstyr.

Hugs at du må fylle ut alle felt for å få sendt inn skjemaet i appen.

Søk etter "fritidsfiske" i AppStore eller GooglePlay.

Film om å melde tapte fiskeredskap

Film om spøkelsesfiske