Du er her:

Teikn akvarium på veggen

Oppdatert: 04.05.2015

Du treng: Papirrull, måling, teiknesaker, sakser og ark

Klipp av to meter papir frå rull, og fest den fast i eit langbord etter på golvet, for eksempel med tape. De målar med ulike blå, grøne og brune nyansar på heile papiret. Dette kan forestille sjø, tang sand og gras i sjøen.

På enkle ark teiknar og fargelegg de ulike artar som finns i sjøen, for eksempel fisk, sjøstjerner, krabbe, havål, skjel. De kan tegne kva de vil, men de kan skrive ut fiskane frå aktivitetsheftet «Fargelegg fisken».

Når all fargelegging er ferdig, klipp ut og lim alle teikningane inn på det store papiret, slik at det førestiller eit akvarium.

Heng heile akvariet opp på ein vegg.