Du er her:

Songleik for dei minste

Oppdatert: 04.05.2015

«Bølgjesong»

Denne passar best for dei aller minste. Barn og vaksne står på golvet med eit stort tøystoff (for eksempel eit laken) som dei held i langs kantane.

Alle hevar og senkar lakenet mens dei syng songteksten som står nedanfor. Når alle syng «stor bølgje» løftar dei tøystoffet høgt opp i lufta, og når alle syng «lita bølgje» ristar alle tøystoffet med små bevegelsar.

«Her sit vi og ror
I vår vesle båt
Sjøen er stor, veldig stor

Og så kjem det  bølgjer ...

Stor bølgje, lita bølgje
Stor bølgje, lita bølgje
Stor bølgje, lita bølgje

Havet går i bølgjer ...»