Du er her:

Rekekamuflasje

Oppdatert: 04.05.2015

Visste du at strandreker er flinke til å skjule (kamuflere) seg? Slik gjer du for å sjå det sjølv.

 Du treng: Håv med skaft, to plastboksar og vadestøvlar.

  • Først må du fange rekene. Og då må du vere på ei langgrunn sandstrand.
  • La håven gli gjennom det øvste sandlaget. Best rekefangst får du om du klarar å halde god fart med håven som du skubbar framfor deg.
  • Strandrekene må ikkje forvekslast med mysider. Mysider er avlange, og vil heile tiden symje omkring i ein plastboks eller eit glas. Strandreker er store samanlikna med mysider, opptil 4-5 centimeter. Dei vil som regel søkje til botnen i ein boks eller eit glas.
  • Lag i stand to plastboksar med friskt sjøvatn. I den eine legg du lys sand i botnen, i den andre mørke småsteinar eller mørkare sand eller mudder.
  • Fordel rekene på dei to boksane. La dei stå rolige på ein kjølig stad.
  • Samanlikn rekene sin farge etter ei| stund. Ser du forskjellen?