Du er her:

Krabbejakt og oppskrifter

Oppdatert: 04.05.2015

Ynnsjker du å fange store krabbar må du få nokon vaksne til å hjelpe deg. Då treng du også ein båt for å få sett krabbeteinene på gunstige stader i sjøen.      

Krabber. Foto © Fiskeridirektoratet

... berre hugs på at hummaren er freda

Det finns mange reglar for å redde hummaren, blant anna er den freda store delea av året. Det finns mange råd og reglar for korleis du skal unngå å få hummar i teinene, og det er viktig at du og ein vaksen lærer desse reglane.

Dersom du ikkje har krabbeteiner, kan du kjøpe teiner i dei fleste butikkar som selg fiskeutstyr.

Før du set teina må du feste stein i botnen av teina slik at den blir tung nok til at den legg seg på sjøbotnen. Hugs å feste ei blåse med langt nok tau i teina. Denne må vere tydelig merka med namnet ditt og adressa di.

Du må også henge agn inne i teina før du set den ut. Dei fleste typar fisk eignar seg.

Det er viktig at både store og små krabbejegerar har redningsvest på.

Det er vanskeleg å seie kva som er kjenneteiknet for gode krabbestader. Som oftast blir krabben fanga i nærheita av land, gjerne på stader med masse blåskjel og i tareskog og tang. Prøv deg fram på ulike stader for å finne ut kvar du får gode fangstea.                           

Når teinene er sette, kan du vente i spenning til neste dag. Kanskje krype ein krabbe eller to inn i teina di i løpet av natta? Det er viktig at du ikkje lar teinene blir ståande i mange dagar. Teiner som blir stående på botnen for lenge gjer at krabbar og hummar som er fanga i dei døyr.

Dersom du er heldig og får krabbefangst har du eit herleg krabbemåltid i vente.

Oppskrifter

Koke krabbe

Kok opp rikeleg med vatn og salt, 50 gram salt per liter, i eit stort kokekar. Legg dei levande krabbane i det fosskokande vatnet, ikkje for mange om gongen, då blir vatnet fort avkjølt. La krabben få eit raskt oppkok og etterpå let du dei trekkje rett under kokepunktet. Koketida for krabbe er 15-25 minutt.

Den er ferdig kokt når dei små klørne lett kan trekkast av. Ta krabben opp av kokevatnet og la den ligge på ryggen til avkjøling for at den deilege krafta skal behaldast inne i skalet. Kokt krabbe et du helst nykokt eller du kan avkjøle og oppbevare den i kjøleskåp. La det ikkje gå meir enn eitt døgn før du et den eller frys den. Krabben kan serverast naturell med enkelt tilbehør, eller den kan brukast i ulike typar rettar.

Krabbe naturell

Dette treng du til 4 porsjonar:
4 krabbar
2 sitronar
majones
eddik
pepar, loff og smør

Krabben kan serverast som den er, men vi gjer det litt lettare for gjestane om vi reinsar litt før servering. Vi fjernar paven og gjellane og knekkjer klørne med ein nøtteknekkar.

Server krabbe naturell med loff, smør, sitronbåtar og majones.

Krabbesalat

Dette treng du til 4 porsjonar:
Kjøt av 1–2 krabbea, cirka 200 gram eller 2–3 krabbeklør per porsjon
1 appelsin
1 rosa grapefrukt
2 plommetomatar i terningar, utan skinn og kjerner
2 avokado i tynne skiver
Blanda frisk salat, for eksempel frisée, batavia, ruccola

Dressing

saft av 1 lime
1 desiliter kaldpressa olivenolje
1 matskei kapers
1 matskei finhakket grasløk salt og pepar

Skjer ut fruktkjøtet i appelsina og grapefrukta, og skjer det i terningar. Bland saman ingrediensane til dressingen. Server krabbekjøtet saman med salat, avokadoskiver og tomatterningar. Drypp over dressing og pynt med friske urter.