Haien kjem

Oppdatert: 04.05.2015

Denne aktiviteten er best å gjennomføre i ein hall eller utandørs. Området må vere slik at det er plass til ein stor firkant. Denne firkanten lagar de ved å legge noko i kvart hjørne. Dette kan vere for eksempel eit tau eller ein rockering eller noko liknande.

Ein av dykk står i midten og er hai. Dersom det er mange som leikar, kan det vere flere som er hai.

I kvart av hjørna står dei andre som haien skal «ete». Desse får for eksempel namn som sild, makrell, sei og flyndre.

Leiken vert sett i gang ved at ein av dykk ropar «alle fiskar må ut på symjetur».

Medan dei som er «hai» står i ro på midten spring resten av dykk rundt i ring frå hjørne til hjørne, heilt til nokon roper «haien kjem!».

Då skal haien prøve å fange fiskane før dei kjem seg trygt tilbake til det hjørnet dei stod på når dei begynte å springe.

Dette gjer dykk igjen og igjen heilt til «haien» har fanga alle «fiskane».