Du er her:

Gute- eller jentekrabbe?

Oppdatert: 04.05.2015

Her er eit forslag til eit lite strandkrabbeekseperiment, som går ut på å sjekke om du har fanga ein jentekrabbe eller ein gutekrabbe.

Hugs å vere forsiktig med krabbane undervegs, og slepp dei ut igjen etter at eksperimentet er ferdig.

  • Strandkrabbar finn du lett nedst i fjæra under tang, stein og lignende.
  • Samle inn så mange krabbar du kan finne, og hald dei med buken opp.
  • Hoene har ein brei hale samanlikna med hannane. Halen ligg bretta inn under skalet.
  • Samanlikn hannar og hoer. Er det andre forskjellar mellom dei enn breidda på halen?