Korleis skal hummarteina vere?

I teiner som er sett ut for fangst av hummar, skal det vere minst to sirkelforma fluktopningar - éi på kvar side av reiskapen. Opningane må vere minst 60 millimeter og plasserte nede ved botnen slik at hummar under minstemål lett kan ta seg ut. Samtidig må ikkje opningane vere lenger nede enn at det er fri passasje gjennom når reiskapen står i sjøen.

Alle teiner skal i tillegg til minst to fluktopningar også ha minst eitt rømmingshol, som vert halde lukka ved hjelp av ein bomullstråd.

Det er påbode å bruke nedbrytbar bomullstråd i hummarteiner. Tråden skal virke slik at dersom du mister teina vil bomullstråden løyse seg opp etter ei viss tid, noko som gir fridomen tilbake for innestengte individ. Gamle teiner vil framleis kunne brukast ved å ettermontere bomullstråden.

Monteringsbeskriving for bomullstråd i hummarteiner

Tydeleg merking av vak

Teiner som står i sjøen til fangst av hummar skal ha minst eitt vak som er tydeleg merkt med fiskarens deltakarnummer, namn og adresse (for yrkesfiskarar: fartøyets registreringsmerke). Teinene kan framleis settast fleire i lenke. 

Det er ingen krav til minimumsdjupn for teiner i hummarfisket.

Oppdatert: 20.09.2018