Reglar for hummarfiske

For å ta vare på hummarbestanden er det innført strenge reglar for hummarfiske.

  • Alle som skal fiske hummar må registrere seg før fisket startar. Dette gjeld både fritidsfiskarar og fiskarar som er registrerte i Fiskarmanntalet. Påmeldinga gjeld kun for inneverande år, men det vil bli lagt opp til gjenbruk av deltakarnummeret for dei som også melder seg på fisket neste år.
  • Hummar kan berre fangstast med teiner tilpassa hummarfiske. Får du hummar med anna reiskap må du setje hummaren tilbake i sjøen.
  • Ei hummerteine skal ha minst to sirkelforma fluktopningar - éi på kvar side av reiskapen. Opningane må vere minst 60 millimeter. I tillegg skal alle teiner ha minst eitt rømmingshol, som vert halde lukka ved hjelp av ein bomullstråd/rotnetråd, som er nedbrytbar.
  • Det er minstemål på hummar. Hummar som er mindre enn 25 centimeter lang må du setje ut att i sjøen. Målet skal takast frå spissen av pannehornet til den bakre kant av midtre svømmelapp.
  • Hummaren er freda store delar av året. Hummarfiskesesongen startar 
    1. oktober klokka 08:00 i heile landet.
  • Frå svenskegrensen til og med Sogn og Fjordane kan du fangste til og med 
    30. november.
  • I resten av landet kan du fangste til og med 31. desember.
  • Hummar med utvendig rogn er freda heile året.

Andre viktige reglar

  • På Skagerrakkysten (avgrensa mot vest av ei rett linje frå Lindesnes fyr til Hanstholm fyr og til grensa mot Sverige) er det innført eit maksimalmål for hummar på 32 cm (totallengde). For å finne totallengde måler du hummaren frå spissen av pannehornet til den bakre kant av midtre svømmelapp. Sjå kart over området der det er innført maksimalmål
  • Hummarteiner skal røktast minst ein gong per veke.
  • Det er rapporteringsplikt for hummar som vert oppbevart i sjøen i desember. 
  • Det er ikkje lenger forbode for fritidsfiskarar å sette krabbeteiner på grunnare vatn enn 25 meter.
  • Det er lov å sette/trekke teiner på søndagar, også på kyststrekninga frå svenskegrensa til og med Vest-Agder. (Det er framleis forbode å sette eller trekke teiner til fangst av hummar på kyststrekninga Vest-Agder til grensa mot Sverige frå ein time etter solnedgang til ein time før soloppgang.)
  • Det er forbod mot fritidsfiske med garn på grunnare vatn enn 25 meter i Skagerrak i perioden frå og med 1. juni til og med 15. august.
  • Det er ikkje krav om at heile teina er laga av nedbrytbar bomullstråd, tråden skal virke slik at eit panel i teina fell ut etter ei viss tid. Gamle teiner vil fortsatt kunne brukast ved å ettermontere bomullstråden. 
  • Frå og med 1. januar til 1. oktober klokka 08:00 er det forbode å oppbevare hummar i sjøen.

Det er oppretta fredings- og bevaringsområde for hummar fleire stader i landet. Du kan lese meir om dette og sjå kart over områda.

Oppdatert: 20.09.2018