Du er her:

App om fritidsfiske i sjøen

Oppdatert: 03.07.2017
Fritidsfiskeappen

Er du glad i båtturar og fiske i sjøen, eller likar du å dykke? Då treng du blant anna å vite kva artar som er freda, kva fisk du må sleppe fri igjen og kva reiskap du kan bruke!

Med fritidsfiskeappen kan du også melde frå om du misser utstyr og du kan sjå kor andre har mista noko. Om du finn reiskap som andre har mista melder du også dette i appen.

Reglane om fritidsfiske i sjøen er laga for å beskytte fisken, slik at liten fisk får lov til å vekse seg stor og gi meir mat i dag og i framtida. Vi håpar du vil hjelpe oss i dette arbeidet.

Du finn appen i Appstore eller GooglePlay. (Du finn appen ved å søke etter «fritidsfiske».)

Hjelp havforskarane og din dykkeklubb

Du har muligheit for å knyte brukarprofilen din opp mot ein dykkeklubb og rapportere tapt/funnen reiskap. Då kan dykkeklubben få midlar for opprydding av tapte reiskapar, og du hjelper miljøet. Havforskingsinstituttet vil få data om tapt/funnen reiskap. Dette er nyttig for å kartlegge omfanget av spøkelsesfiske.

Når du brukar appen opprettar du ein profil, og vil du knyte profilen din til ein dykkeklubb gjer du det det først (dette treng du berre gjere ein gong). Viss du ikkje knyter profilen din til ein dykkeklubb vil du få ei forenkla registrering som ikkje har med dei nødvendige data til Havforskingsinstituttet.

Kva skjer når dykkarar melder inn funn av tapte reiskap i appen?

Dykkeklubbar blir honorerte av Norges Dykkeforbund for å rapportere funnen reiskap.  

Når ein dykkar sender inn rapport om funn av tapte reiskap i appen «Fritidsfiske», blir rapporten lagra hos Fiskeridirektoratet og informasjonen vist interaktivt på fiskeridir.no med dagleg oppdatering. Sjå rapporten om tapte og funne reiskap.

Mottatte rapporter dannar grunnlaget for at rekneskapskontoret til Norges Dykkeforbund månadleg betalar ut ei påskjøning til dei enkelte dykkeklubbane for innsendte rapportar. Beløpet varierer frå 200 til 400 kroner avhengig av type reiskap.

Kva tid får dykkeklubbane betalt?

Den enkelte dykkeklubb mottar utbetaling av Dykkeforbundet den påfølgjande månaden. For eksempel vil ein rapport om funn sendt inn i mars, bli utbetalt i midten av april. (I påvente av tilskot frå Miljødirektoratet vil tilskot for januar og februar bli betalt ut i slutten av mars.)

Spørsmål kan rettes til Norges Dykkeforbund på e-post.