Regnbogeaure på rømmen i Høyanger

Fiskeridirektoratet følgjer opp ei rømmingshending hjå Osland Stamfisk AS i Fuglesetfjorden i Høyanger.

Hendinga

Osland Stamfisk meldte 23. oktober om rømming frå lokaliteten Søreide i Høyanger kommune i Vestland. Det dreier seg om ei rekkje hol i not, sannsynlegvis forårsaka av pigghå.

Selskapet driv gjenfangst i området rundt anlegget og har per 26. oktober gjenfanga 421 regnbogeaure. Omfanget av rømminga er ikkje avklart. Fisken som har rømt har ei snittvekt på i overkant av 4 kilo.

Fiskeridirektoratet vil følgje opp med inspeksjon på lokaliteten.

Ønskjer tips

For å få eit bilete av omfang og korleis fisken spreiier seg ønskjer Fiskeridirektoratet at publikum melder inn tips om fangstar til vår døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36.

Mottak av fisk

Osland Stamfisk AS har oppretta mottaksstasjon på Osland Brygge som vil vere open kvardagar kl 14:00 for dei som ønskjer å levere inn regnbogeaure dei har fiska. For levering til andre tidspunkt kan ein ta kontakt på tlf: 960 16 668.

Oppdatert: 27.10.2020