Rømt oppdrettslaks i Tingvollfjorden på Møre og i Tosenfjorden i Nordland

Fiskeridirektoratet følgjer opp vassdrag i Tingvollfjorden på Møre og i Tosenfjorden og Velfjorden i Nordland etter å ha motteke fleire rapportar om fangst av stor rømt oppdrettslaks.

Tingvollfjorden

Fiskarar meldte i sommar om fangst av rundt 350 rømte oppdrettslaks i kilenøter i Tingvollfjorden. Fisken var i storleiken 4-6 kilo.

Fiskeridirektoratet vil no setje i verk tiltak i tre vassdrag i fjorden slik at så mykje rømt fisk som mogleg kan fjernast.

Det vil også bli utført dna-analyser for sporing av kilde i denne saka.

Tosenfjorden og Velfjorden

Fiskeridirektoratet har også her motteke tips om fangst og observasjonar av rømt oppdrettslaks. Fisken er i storleiken 6 - 8 kilo. Fangstane er tekne i Storelva i Tosbotn, Åelva/Åbjøra og Lomsdalelva.

Også her vil Fiskeridirektoratet setje i verk tiltak i fleire vassdrag.

Fiskeridirektoratet vurderer at forekomstene kan ha samanheng med ei større rømming ved Sinkaberg-Hansen sin lokalitet Oksbåsen i fjor sommar.

Nyttige tips

Fiskeridirektoratet vil rette ein takk til alle som så langt har meldt inn tips. Dette har gjort oss istand til å iverksetje tiltak.

Vi ber publikum om å fortsetje å melde frå om fangst av rømt fisk. Alle tips kan meldast til FMC – Fiskeridirektoratets døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36.

Fiskeridirektoratet vil understreke at gjeldande regelverk for fiske må følgjast.

Oppdatert: 04.09.2020