Tips om observasjonar av rømt oppdrettslaks i Hardanger er undersøkt

Fiskeridirektoratet har fått utført undersøkingar i fem elvar i ytre Hardanger etter tips om observasjonar av rømt oppdrettslaks i området. Det er ikkje funne slik fisk i undersøkingane.

Fiskeridirektoratet fekk tidlegare denne månaden tips både frå eit oppdrettsselskap og frå privatpersonar om observasjonar av rømt fisk med storleik på omlag 1 kg i sjø og elvemunningar. Det var ikkje gjort fangst av slik fisk, men Fiskeridirektoratet valde å få utført undersøkingar gjennom ein profesjonell aktør for raskt å få klarheit i situasjonen.

Mundheimselva, Rosendalselvene, Guddalselva, Omvikdalselva og Uskedalselva er undersøkte og det er Norce som har utført oppdraget. Utifrå observasjonar under feltarbeidet er det nærliggjande å tru at tips-observasjonane kan dreie seg om sjøaure.

Fiskeridirektoratet tek imot tips om rømt fisk på døgnopen telefon: 911 03 277. Vi er takknemlege for bilder av eventuell fangst og kan blant anna bruke desse til å skilje oppdrettsfisk frå villfisk.

Oppdatert: 18.06.2020