Pålagt miljøovervaking etter rømming i Sogn

Fiskeridirektoratet har pålagt Brekke slakteri miljøovervaking av 15 laksevassdrag i Sognefjorden etter rømmingshendinga ved Brekke slakteri 16. september. 

Fiskeridirektoratet fekk måndag 16. september melding om rømming frå slaktelokaliteten Instefjord i Risnefjorden i Gulen kommune. Oppteljing etter rømminga viser at det dreier seg om 17200 rømte oppdrettslaks.

Fisken som rømte har ei snittvekt på i underkant av 4 kg. Selskapet har satt ut gjenfangstgarn og har fått pålegg frå Fiskeridirektoratet om å utvide gjenfangstaktiviteten ut til området Ortneset - Apestoda. Gjenfangsten er no utvida til 30. september.

Fiskeridirektoratet har vidare pålagt firmaet å gjennomføre miljøovervaking og uttak av rømt laks i 15 vassdrag i Sognefjorden for å sikre at rømt laks ikkje skal komme opp i vassdraga i gyteperioden til laksen.

Ønskjer tips

Det er så langt tatt 3123 laks i gjenfangstoperasjonen i området.

Det er viktig for å ha ei best mogleg oversikt over korleis fisken spreier seg i fjorden. Fiskeridirektoratet ønskjer derfor tips frå publikum om fangst av oppdrettslaks i Sognefjorden.

Slike tips kan ein melde til FMC – Fiskeridirektoratets døgnopne vaktsentral på telefon 911 03 277.

Gjeldande fiskereglar må følgjast.

Mottak av fisk

Slakteriet Brekke AS tar imot gjenfanga fisk frå private som ønskjer å levere. Kontakt selskapet på tlf: 99 69 92 48.

Oppdatert: 26.09.2019