Oppdatert om rømming i Sognefjorden

Oppteljing etter rømmingen av oppdrettslaks frå Slakteriet Brekke AS i Sognefjorden viser at 17200 laks er rømt.

 

Fiskeridirektoratet mottok måndag 16. september melding om rømming frå slaktelokaliteten Instefjord i Risnefjorden i Gulen kommune. Oppteljing etter rømminga viser at det dreier seg om 17200 rømte oppdrettslaks.

Fisken som rømte har ei snittvekt på i underkant av 4 kg. Selskapet har satt ut gjenfangstgarn og har fått pålegg frå Fiskeridirektoratet om å utvide gjenfangstaktiviteten ut til området Ortneset - Apestoda. Gjenfangsten er no utvida til 30. september.

Fiskeridirektoratet har gjennomført rømmingstilsyn hjå selskapet , som viser at det er eit stort hol på 3x2 meter i nota. Holet skal vere forårsaka av propellbruk i samband med båtanløp. 

Ønskjer tips

Det er så langt tatt 2345 laks i gjenfangsoperasjonen som føregår i området. Fiskeridirektoratet ønskjer tips frå publikum om fangst av oppdrettslaks i området. Slike tips kan ein melde til FMC – Fiskeridirektoratet sin døgnopne vaktsentral på telefon 911 03 277.

Gjeldande fiskereglar må følgjast.

Mottak av fisk

Slakteriet Brekke AS vil ta imot gjenfanga fisk frå private som ønskjer å levere. Kontakt selskapet på tlf: 99 69 92 48.

Oppdatert: 23.09.2019