Du er her:

Tre rømmingshendingar i region Vest

Oppdatert: 07.12.2018

Det er meldt inn tre rømmingsmeldingar til Fiskeridirektoratet region Vest sist veke.

På Osland sin lokalitet Eidesberget (lenke til kart) i Høyanger kommune vart det varsla om ei hending i samband med avlusing 30. november.

Leni Marie Lisæter, sekssjonssjef ved forvaltningsseksjonen i region Vest - Fiskeridiraktoratet. © Foto: Anette Aase / Fiskeridirektoratet.

Leni Marie Lisæter, sekssjonssjef ved forvaltningsseksjonen i region Vest - Fiskeridiraktoratet. ©

– Dårleg ver med mykje vind førte til at ein brønnbåt har kome opp på haneføtene (rammefortøyningane til merd-ringen) og ringen har blitt trykt ned, seier seksjonssjef i Fiskeridirektoratet region Vest, Leni Marie Lisæter.

I eit område på fem meters breidde har rekkverket vore under vatn.

Osland har leigd inn eit fiskefartøy for å drive gjenfangst. 30 regnbogeørret er så langt gjenfanga.

Rømming frå Lingalaks

På Lingalaks sin lokalitet Tveitnes (lenke til kart) i Kvam herad har det skjedd ei hending under skifting av not 29. novmember.

– Ved utsett av lodd har nota hekta seg fast slik at det har oppstått ei revne på 2,5 x 1 meter, seier Lisæter.  

Selskapet har fått pålegg om utvida gjenfangst og har leigd inn to fiskefartøy. Så langt er 100 laks gjenfanga.

Rift i not

I Masfjorden på lokalitet Knappen/Solheim (lenke til kart) oppdaga Havforskningsinstituttet (HI) ei rift i ei not på 10 x 10 cm på ti meters djupn, i samband med ein rutinekontroll. Fiskeridirektoratet blei varsla 29. november.

– HI veit ikkje korleis skaden har oppstått. Fiskeridirektoratet jobbar med å kartlegge moglege årsaker i samarbeid med selskapet. HI har drevet gjenfangst, men dei har ikkje fanga rømd laks frå sitt anlegg, seier Lisæter.

Fiskeridirektoratet har vore på rømmingsinspeksjon på alle lokalitetane. Vi ber om tips frå publikum til vår døgnopne vakttelefon 55 23 83 37 / 911 03 277 dersom det blir fanga oppdrettslaks/regnbogeaure i områda.