Du er her:

Makrellstørje i oppdrettsnot i Austevoll og Bremanger

Oppdatert: 04.10.2018

På Vestlandet har det kome inn to meldingar om størje i not i løpet av den siste veka.

STORFANGST: Makrellstørje på oppdrettslokalitet «Klammerholmen», eigd av Austevoll Melaks, etter at den er tatt opp og avliva. FOTO: © Austevoll Melaks

STORFANGST: Makrellstørje på oppdrettslokalitet «Klammerholmen», eigd av Austevoll Melaks, etter at den er tatt opp og avliva.

Leni Marie Lisæter, sekssjonssjef ved forvaltningsseksjonen i region Vest - Fiskeridiraktoratet. © Foto: Anette Aase / Fiskeridirektoratet.

Leni Marie Lisæter, sekssjonssjef ved forvaltningsseksjonen i region Vest - Fiskeridiraktoratet. ©

I Austevoll på Austevoll Melaks sitt anlegg «Klammerholmen» var det kome inn ei makrellstørje på ca. tre meter.

– Dei fekk den opp med orkastnot og avliva den, seier Leni Lisæter, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet region Vest.

– Hai-liknande fisk i nota

På K. Strømmen Lakseoppdrett AS sitt anlegg «Marøy NØ» i Bremanger var det meldt om hol i ei not 27 september.

– Då me var på tilsyn 1. oktober fekk ein brått melding om at det var observert ein stor hai-liknande fisk i nota, seier Lisæter.

Etter kvart viste det seg at også dette var ei størje.

– Vi var ute for og sjå på anlegget og kartlegge årsaker til holet, men det var jo ingen tvil når den svære makrellstørja på 2,7 meter og 286 kg kom symjande opp i nota, fortel Lisæter.

Skaden i nota var på tolv meters djupn, og var ein meter høgt og tolv centimeter breidt.

– Vi er uroa for utviklinga. Vi veit vi lite om kvifor makrellstørja plutseleg angriper, går tvers igjennom notveggen og inn i oppdrettsanlegget, seier Lisæter.

STØRJE I NOT: Her ser ein makrellstørja som gjekk gjennom nota til K.Strømmen Lakseoppdrett AS i Bremanger på undervatnkamera.  FOTO: © Karstein Bakke

STØRJE I NOT: Her ser ein makrellstørja som gjekk gjennom nota til K.Strømmen Lakseoppdrett AS i Bremanger på undervatnkamera.

Svømde gjennom forsterka not

K. Strømmen har not som er forsterka med ståltråd, og størja hadde fått skader på snuten.

Makrellstørja kan symje med ein fart på 70 km/t og har eit hovud som er dekka med harde skjell som gjer at den lett kan gå gjennom ei not med ein brotstyrke på rundt 95 kg.

– Denne makrellstørja vart òg til slutt tatt ut med orkastnot. Då dei opna magesekken så viste den seg å være tom: Størja hadde vore i nota i nesten ei veke og såg ikkje ut til å ha ete mykje laks, seier Lisæter.

Det blir tatt prøver av fisken som blir sendt til Havforskningsinstituttet for nærare analysar av tungmetall, lengde, vekt, DNA og liknande.

TATT OPP: Den 286kg tunge makrellstørja som gjekk gjennom nota til K.Strømmen Lakseoppdrett AS i Bremanger blei fanga med orkastnot, og avliva.  Foto: © Karstein Bakke

TATT OPP: Den 286kg tunge makrellstørja som gjekk gjennom nota til K.Strømmen Lakseoppdrett AS i Bremanger blei fanga med orkastnot, og avliva

SKADA: Makrellstørja som fann vegen inn i nota til K.Strømmen Lakseoppdrett AS fekk store skadar på snute og hovud då den gjekk gjennom oppdrettsnota. FOTO: © Karstein Bakke

SKADA: Makrellstørja som fann vegen inn i nota til K.Strømmen Lakseoppdrett AS fekk store skadar på snute og hovud då den gjekk gjennom oppdrettsnota.

SKADD STØRJE: Ein kan sjå store skadar på makrellstørja etter at ho gjekk igjennom nota i oppdrettsanlegget til K.Strømmen Lakseoppdrett i Bremanger. FOTO: © Karstein Bakke

SKADD STØRJE: Ein kan sjå store skadar på makrellstørja etter at ho gjekk igjennom nota i oppdrettsanlegget til K.Strømmen Lakseoppdrett i Bremanger.

FANGA PÅ KAMERA: Frå kamera i nota til Austevoll Melaks kan ein sjå holet i nota før og etter reparasjonen etter at makrellstørja gjekk gjennom inn. Nedst til venstre ser ein makrellstørja fanga på kamera. FOTO: © Austevoll Melaks.

FANGA PÅ KAMERA: Frå kamera i nota til Austevoll Melaks kan ein sjå holet i nota før og etter reparasjonen etter at makrellstørja gjekk gjennom inn. Nedst til venstre ser ein makrellstørja fanga på kamera.

TUNG GJEST: Makrellstørja som gjekk gjennom nota til K.Strømmen Lakseoppdrett AS vog 286kg. Foto: © Karstein Bakke

TUNG GJEST: Makrellstørja som gjekk gjennom nota til K.Strømmen Lakseoppdrett AS vog 286kg.