Motsegn mot gruvedeponering står sterkare

Fiskeridirektoratet meiner motsegna (innsigelsen) mot deponering av gruveslam i Førdefjorden står sterkare etter at Nordic Mining har foretatt nye undersøkelsar etter krav frå Klima- og miljødepartementet.

Seifiske. Foto © Scanfishphoto

For halvtanna år sidan, etter påtrykk frå mellom anna Fiskeridirektoratet, påla Klima- og miljødepartementet selskapet Nordic Mining å utgreie ei rekkje forhold knytt til søknaden om gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal kommune med tilhøyrande deponering av massar i Førdefjorden.

Ny høyring

Etter at desse undersøkelsane vart gjennomførte, gjennomførte Nærings- og fiskeridepartementet i ei ny kortfatta høyring som Fiskeridirektoratet no svarar på.

– Etter vår meining er det ikkje noko som talar for nokon ny tilråding i saka. Den faglege vurderinga Havforskingsinstituttet har gjort av dei nye undersøkelsane har tvert imot styrka motsegna, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Mangelfulle undersøkelsar

Havforskingsinstituttet konkluderte med at undersøkelsane var mangelfulle og til dels feilaktige. Mellom anna er det påvist betydeleg meir gyting av kysttorsk på fleire plassar i fjorden enn det undersøkelsane til Nordic Mining viser. I tillegg er det registrert store mengder langeegg i fjorden og dette kan være første gong eit gytefelt for blålange er påvist. Artsdatabanken har raudlista blålange som sterkt trua.

Havforskingsinstituttet er nokså klare i si vurdering av undersøkelsane som Nordic Mining har fått gjort. Instituttet skriv mellom anna:

«Det er et gjennomgående trekk i rapportene at man nedvurderer de biologiske og økologiske forhold. Man undervurderer strømhastighetene i modelleringen og dermed spredningspotensialet for gruveslam, man undervurderer fjordens betydning for fisk, man undervurderer partiklers påvirkning på fisk og bruker for høye grenseverdier for negativ påvirkning, man undervurderer fjordens biologiske mangfold, samtidig som metodikken ofte ikke er egnet til noen konklusjoner i det hele tatt. Spesielt er de fiskebiologiske undersøkelsene og konklusjonene av en lav faglig standard.»

Oppdrett blir påverka

Nærings- og fiskeridepartementet har også mellom anna bedt Fiskeridirektoratet gjere greie for omfanget av havbruk i området. Det er ei rekkje oppdrettsanlegg i fjorden og i fjordområda rundt. Mange av desse er drive av små lokale selskap som kan bli påverka av endringar i fjorden.

– Det vil etter Fiskeridirektoratet si oppfatning vere bortimot umogeleg å finne nye lokalitetar i området til erstatning for lokalitetar som kan gå tapt ved ei eventuell gruvedrift, seier Holmefjord.

Oppdatert: 29.10.2014