Utkastpåbod for kveite over 2 meter

På grunn av høgt innhald av potensielt farlege framandstoff er det påbode å sleppe all kveite over 2 meter tilbake i sjøen. 

Det generelle påbodet om å sleppe all kveite på over 2 meter gjeld  heile norsk økonomisk sone, og alle fiskarar (yrkesfiskarar, fritidsfiskarar og turistfiskarar) uavhengig av reiskap og område.

Påbodet gjeld all levedyktig, daud eller døyande kveite over to meter. 

Det er eit kjent problem at gammal kveite gjennom heile livet samlar opp framandstoff som kan utgjere ein risiko for oss menneske.

I eit avgrensa område på Sklinnabanken er det eit heilårig forbod mot å fiske etter kveite (det vil seie at ein kan fiske i området når målarten er noko anna enn kveite).

Vi minner også om at det er forbode å fiske kveite i heile norsk økonomisk sone frå og med 20.desember til og med 31. mars. 

Mattilsynets vurdering

Mattilsynet har i si vurdering konkludert med følgjande om Atlantisk kveite:

  • Atlantiske kveiter som er mindre enn 2 m (ca.100 kg), har stort sett gode resultat for både tungmetall og organiske miljøgifter. Dei er trygge å ete.
  • Atlantiske kveiter over 2m (ca.100 kg) har eit høgt innhald av miljøgifter, også over grenseverdiane for ein eller fleire komponentar. Særleg gjeld dette dei organiske miljøgifter. Dei bør derfor ikkje etast. Slike store kveiter må sleppast ut i sjøen igjen. Om kveita er tydeleg skadd, må den avlivast før den vert sloppen. Den kan heller ikkje seljast.