Lærlingkvote

Skjemaet skal brukast for å søkje om lærlingkvote hos fylkeskommunen.

Søk om lærlingkvote

Formål og vilkår

Lærlingen som skal søkje kvote skal sende inn skjemaet, i samarbeid med opplæringskontor og fylkeskommune.

  • Lærlingkvoten følgjer kalenderåret/reguleringsåret.
  • Ein lærling har berre rett til ei lærlingekvote per år.
  • Det er ingen krav om vedlegg.

Nytt frå og med 2024

Frå og med 2024 vil torsk bli delt opp i torsk nord for 62° N og torsk sør for 62° N. Det vil seie at dersom ein ynskjer å søkje om kvote på torsk, må det anten søkjast om torsk nord for 62° N eller torsk sør for 62° N.

Kven behandlar søknaden?

Det er fylkeskommunen der du søkjer om kvote som behandlar søknaden. Søknaden blir automatisk sendt til den fylkeskommunen du oppgjev at du søkjer kvote i.

Kvotestørrelsar for lærlingar i 2024

ArtTonn
Torsk nord for 62° N     1,5 tonn
Torsk sør for 62° N         1,5 tonn
Hyse                                   2,0 tonn
Nvg-sild                             4,4 tonn
Nordsjøsilde                     4,7 tonn
Makrell                               2,2 tonn

Forskrift

Forskift om undervisningskvoter (lovdata.no)