Tips oss på 55 23 83 36

Fiskeridirektoratets beredskaps- og tipstelefon 55 23 83 36 er bemanna heile døgeret. Her kan du ringe inn tips og beredskapsmeldingar om fiskerikriminalitet, rømt oppdrettsfisk, unormal fiskedød, ilanddrivne sjøpattedyr og skadelege algar og manetar som trugar anna liv i havet.

Ved at du varslar oss tidleg vil vi raskare kunne ta grep og på den måten redusere eventuelle skader på fisk, sjøpattedyr og miljø. Fiskeridirektoratet samarbeider med ei rekkje andre etatar for ei berekraftig forvalting av liv og natur på kysten og havet. Hjelp frå publikum vil bidra til å gjere forvaltinga av norsk natur endå betre.