Korleis vert akvakulturnæringa forvalta?

Fiskeridirektoratet skal legge til rette for akvakulturnæringea, men må også arbeide for at utviklinga ikkje går ut over andre interesser og miljøet.

Akvakulturnæringa er ei dynamisk og ekspansiv eksportnæring med sterkt internasjonalt fokus. Næringa skapar større verdiar enn dei tradisjonelle fiskeria og er svært viktig for Noreg.

Det som kan dyrkast og haustast langs kysten er ein nasjonal ressurs på like linje med ressursane i havet. Ein må ha offentleg løyve for å drive oppdrettsverksemd i Noreg, og det vert stilt strenge krav til blant anna tekniske innrettinger og fiskehelse.

Det er fiskerimyndigheitene som har det overordna ansvaret for forvaltinga av akvakulturnæringa i Noreg. Men ettersom denne næringa ofte vert driven i område med sterk konkurranse om areala, samarbeidar Fiskeridirektoratet tett med andre myndigheiter som kommunar, fylkeskommunar, fylkesmennenes miljøvernavdelingar, Kystverket og Mattilsynet.

Fiskeridirektoratet gir råd og utarbeidar forslag til korleis akvakulturnæringa skal forvaltast. Nærings- og fiskeridepartementet fastset reglane. Fylkeskommunane tildeler dei fleste typer løyve. Fiskeridirektoratets oppgåve er å kontrollere at oppdrettet vert drive i samsvar med regelverket.

Akvakulturnæringa er ei konkurranseutsett og innovativ næring. Kontinuerleg vert det utvikla oppdrett av nye artar, nye metodar for betre drift og bedte kvalitet på dei ferdige produkta. Fiskeridirektoratet skal bidra til å tilrettelegge for akvakulturnæringa, men må også gi forsvarlege faglege råd for å sikre at næringa vert driven berekraftig i samspel med andre interesser.

Eit viktig satsingsområde for Fiskeridirektoratet er førebyggande tiltak for å hindre at fisk rømmer. Det er blant anna laga ein erfaringsbase på nett som oppdrettarar kan bruke når det vert utarbeidd beredskapsplanar. Ved hjelp av dette verktøyet kan dei for eksempel kartlegge farer, vurdere risiko, og velge tiltak. Der finns også bildeseriar som beskriv aktuelle arbeidsoperasjonar.

Både næring og forvalting arbeider kontinuerlig med å iverksette miljøtiltak. I 2009 lanserte regjeringa ”Strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring”. Denne tar for seg dei viktigaste utfordringane, målsettingane og tiltaka. Blant måla finn vi at:

  • havbruk ikkje skal bidra til varige endringar i dei genetiske eigenskapane til villfisk
  • oppdrettet ikkje medfører større utslepp av næringssalt og organisk materiale enn det naturen toler
  • mest mulig av oppdrettsfisken veks opp med minimal medisinbruk
  • havbruksnæringa har ein lokalitetsstruktur og arealbruk som reduserar miljøpåvirknad og smitterisiko
  • næringasine behov for fôrråstoff vert dekka utan å overbeskatte dei viltlevande marine ressursane

Fiskeridirektoratet har utvikla system for kontroll basert på risikovurdering. Formålet er å finne dei lokalitetene og bedriftene der det er høgast risiko for at reglane kan bli brotnet og der konsekvensane blir størst.

Tiltak vert gjennomført for å redusere risikoen for regelbrot. Kva tiltak som skal brukast for å redusere risikoen, er ein del av den operasjonelle vurderinga som Fiskeridirektoratets regionar gjer.

Oppdatert: 23.04.2015