Kontakt for tekniske problem

Her kan du melde frå om tekniske feil med Fiskeridirektoratet sine tenester.

Spørsmål som gjeld pålogging med ID-porten, eller at du ikkje ser nokon tenester i Min side (Altinn) kan du ikkje sende inn med dette skjemaet. Sjå rettleiar lenger ned på sida.

Dette må du fylle ut i skjemaet du sender

Slik blir det enklare for oss å finne årsaka til feilen.

  • førenamn og etternamn
  • e-postadresse
  • telefonnummer
  • rett datoen dersom feilen ikkje er i dag
  • klokkeslett for feil
  • feilen gjeld: Min side, skjema, fiskeridir.no, registre, opne data, anna
  • lim inn lenke til sida som inneheld feil
  • beskriv feilen
  • du kan også laste opp skjermbilde

Meld om teknisk feil til Fiskeridirektoratet

Problem med å logge inn på Min side

Når du loggar inn på Min side, loggar du inn via ID-porten. Du kan ikkje kontakte oss for å få hjelp til den innlogginga.

Hjelp til innlogging via ID-porten finn du hos Difi

Ser ingen tenester når du er innlogga på Min side

Kva du får sjå på Min side er styrt av kva roller du har i AltInn.

Viss du jobbar i eit selskap innan fiskeri, akvakultur eller turistfiske, men får beskjed på Min side om at du ikkje er tilknytt eit selskap, betyr det at du ikkje er tildelt ei rolle for selskapet i AltInn. Du må altså via rollestyringa i AltInn bli tildelt ei rolle på vegner av selskapet.

Det held med kva som helst rolle på vegner av bedrifta. Den rolla som gir færrast rettigheiter er rolla «Utfyllar/innsendar», og den er tilstrekkeleg for å kunne bruke Fiskeridirektoratets Min side.

Vi kan ikkje hjelpe deg med roller i AltInn. Som sagt, må den som kan tildele roller i selskapet gjere dette via AltInn.

Les vår trinn-for-trinn-hjelp om korleis ein tildeler roller i Altinn

Oppdatert: 13.02.2019