Oppbevaring av hummar i sjøen

Det er lov å oppbevare hummar i sjøen i desember, og sjølvsagt i oktober og november. Men dersom oppbevaringa i desember skjer frå og med Sogn og Fjordane til grensa mot Sverige skal det sendast melding til Fiskeridirektoratet, fordi hummaren er freda i desember i dette området.

Elektronisk skjema for oppbevaring av hummar i sjø  (Pålogging via ID-porten)

Kven skal bruke skjemaet

Dei som skal oppbevare hummar i sjøen i desember frå og med Sogn og Fjordane til grensa mot Sverige må bruke dette skjemaet.

Når kan skjemaet brukast

Det er mogleg å nytte skjemaet fram til sesongslutt, det vil seie 31. desember 2020.

Meir om når du kan fiske hummar i ulike delar av landet

Rettleiar

Oppdatert: 12.11.2020