Røkting av reiskap

For å bidra til ein betre dyrevelferd og mindre forsøpling i havet er det krav til røkting av reiskap. Garn, liner og teiner skal røktes, slik at skade og tap av fangst ikkje skjer.

Garn, liner og teiner skal røktast minimum ei gong per veke, dersom ikkje anna er bestemt.

Dette kravet om røkting trer i kraft 1. juni 2020 og går fram av paragraf 28 i Utøvelsesforskriftautøvelsesforskrifta .

Tidlegare har det vore krav om at garn, ruser og teiner for enkelte artar skal røktast med bestemte mellomrom. No er reglane utvida til å omfatte alle typar garn, liner og teiner langs heile kysten. Det medfører ikkje endringar for reiskapstypar eller fiske og fangst etter arter som alt er pålagt ei røktingsplikt.

Røktingskravet gjeld både fritids- og yrkesfiskarar.

Kva er røkting?

Røkting av reiskapen inneber at ein trekkjer reiskapen, tar hand om fangsten og sjekkar at alt er i orden, før ein eventuelt set reiskapen ut igjen.

Spøkelsefiske

Når reiskap av ulike grunnar blir ståande att i sjøen og fisker, oppstår såkalla spøkelsesfiske. Spøkelsesfiske medfører dårleg dyrevelferd og ei ukjent beskatning av ressursar. Alle som fiskar har ei plikt til å drive fiske på ein slik måte at tap av reiskap kan unngåast.

Mister ein likevel reiskap skal eigaren prøve å sokne etter den og melde tap dersom reiskapen ikkje kan bergast.

Fritidsfiskarar kan melde mista reiskap inn på Fiskeridirektoratets Fritidsfiske-app.

Oppdatert: 26.05.2020