Meld tapt og funnen fiskereiskap

Når du rapporterer om tapt og funnen reiskap i fritidsfiskeappen, bidrar du til å auke kunnskapen om mengde, årsak og geografisk fordeling. Dette vil igjen kunne bidra til at det kan utviklast løysingar og settast i verk tiltak som kan redusere spøkelsefiske og marin forsøpling. 

Ny app for fritidsfiske 

Meld tapt og funnen reiskap i vår nye fritidsfiskeapp. Den nye appen er ei vidareutvikling av den gamle fritidsfiskeappen. Du kan laste ned ny app ved å søke på «fritidsfiskeappen» i App Store  eller Google Play .

Dette kan du gjere i appen:

  1. melde tapt og funnen reiskap ved hjelp av kart
  2. få oversikt over tapt og funnen reiskap, som er meldt inn av andre
  3. lese om og sjå bilde av over 60 artar og finne ut om dei er freda eller har minstemål
  4. lese om reglane for reiskap og ferdsel på sjøen
  5. melde om bifangst av sjøpattedyr

Den gamle fritidsfiskeappen går ut

Den gamle fritidsfiskeappen er ikkje lenger aktiv og alle må laste ned ny fritidsfiskeapp.
Hugs å slette gammel app frå din mobil. 

Merk deg at:

  • tapt og funnen reiskap som no blir rapportert i gammal app ikkje er tilgjengeleg 
  • nye reglar blir ikkje oppdaterte i den gamle fritidsfiskeappen
  • i den nye fritidsfiskeappen må alle opprette ny brukar
  • reiskap og andre data frå den gamle appen må registrast på nytt i ny fritidsfiskeapp

Spørsmål og tilbakemeldingar

Når du sender spørsmål og tilbakemeldingar treng vi ei kort og detaljert beskriving.
I tillegg ber vi om følgande detaljar:

1. Kva mobiltype og versjon du har?
For eksempel: iPhone 8+ eller Samsung Galaxy S20

2. Skjermdump/bilde av utfordringar du opplever i app

Alle spørsmål og tilbakemeldingar sender du til 

Film om å melde tapte fiskereiskap

Yrkesfiskarar melder tapte reiskapar til Kystvaktsentralen

Fiskeridirektoratet har drive oppreinsking av tapte fiskereiskapar på dei viktigaste fiskefelta langs kysten i 30 år. Gjennom dette arbeidet er det tatt opp vesentlege mengder med ulike reiskapar.

Yrkesfiskarar pliktar å sokne etter tapte fiskereiskapar. Dersom dette ikkje lykkast skal tapet meldast til Kystvaktsentralen (telefonnummer: 07611).

Rapportering av tapte reiskapar i yrkesfiske

Kva skjer med reiskapen vi finn?

Oppdatert: 18.06.2020