Sjøkreps

Fangsttider

Du kan fangste sjøkreps heile året.

Minstemål og djupn

  • Minstemål for sjøkreps er 13 cm i heile landet.
  • Sjøkreps skal målast fra spissen av pannehornet til den bakre kant av midterste svømmelapp.
  • Det er tillaten å måle Carapaxlengden på sjøkreps. Då må bakerst ende av augeholet til bakerst kant av carapax målt midt oppe på ryggen vere 4 cm eller meir.
  • Det er ingen djupneavgrensing ved fangst av sjøkreps. 

Tal på teiner 

  • Du kan bruke inntil 20 teiner per person og per fartøy. Det betyr at dersom fleire personar fiskar frå same båt, eller dersom éin person fiskar med fleire båtar, kan du uansett ikkje bruke meir enn 20 teiner.
  • Det er ikkje krav til inngangssperre eller fluktopningar for slike teiner. Men dersom du set teinene slik at dei truleg ikkje berre fangar fisk og sjøkreps, men også leppefisk, hummar eller krabbe, skal teinene vere utstyrte med fluktopningar og inngangssperre. Les meir om krav til fluktopning og rømmingshol i teiner.

Sal av sjøkreps

  • Du kan ikkje fritt selje sjøkreps. 
  • All omsetning av fisk og skaldyr skal skje gjennom eit salslag eller ein godkjent kjøpar. 
  • Ein person eller eit føretak kan ikkje omsette fangst for meir enn kroner 50 000 per kalenderår.  Les meir om sal av fangst.  
Oppdatert: 10.08.2020