Reglar for hummarfiske

For å ta vare på hummarbestanden er det innført strenge reglar for hummarfiske.

Hummarfiskesesongen startar 1.oktober klokka 08:00 i heile landet.

Hummaren er freda store delar av året:

  • Hummar med utvendig rogn er freda heile året.
  • Frå svenskegrensa til og med Vestland kan du fangste til og med
    30. november.
  • I resten av landet kan du fangste til og med 31. desember.
  • Det er rapporteringsplikt for hummar som vert oppbevart i sjøen i desember.
  • Frå og med 1. januar til 1. oktober klokka 08:00 er det forbode å oppbevare hummar i sjøen.
  • Det er oppretta fredings- og bevaringsområde for hummar fleire stader i landet.
    Kart over fredings- og bevaringområda
  • Det er lov å sette/trekke teiner på søndagar, også på kyststrekninga frå svenskegrensa til og med Agder. (Det er framleis forbode å sette eller trekke teiner til fangst av hummar på kyststrekninga Agder til grensa mot Sverige frå ein time etter solnedgang til ein time før soloppgang.)

Påmelding til hummarfisket

  • Alle som skal fiske hummar må registrere seg før fisket startar. Dette gjeld både fritidsfiskarar og fiskarar som er registrerte i Fiskarmanntalet.
  • Påmeldinga gjeld berre for inneverande år, men det vil bli lagt opp til gjenbruk av deltakarnummeret for dei som også melder seg på fisket neste år.
    Skjema for registrering av hummarfiske

Krav til reiskap

  • Hummar kan berre fangstast med teiner tilpassa hummarfiske. Får du hummar med anna reiskap må du setje hummaren tilbake i sjøen.
  • Ei hummarteine skal ha minst to sirkelforma fluktopningar - éi på kvar side av reiskapen. Opningane må vere minst 60 millimeter. I tillegg skal alle teiner ha minst eitt rømmingshol, som vert halde lukka ved hjelp av ein bomullstråd, som er nedbrytbar.

    Les meir om krav til hummarteiner og fluktopningar.

  • Det er ikkje krav om at heile teina er laga av nedbrytbar bomullstråd, tråden skal virke slik at eit panel i teina fell ut etter ei viss tid. Gamle teiner vil fortsatt kunne brukast ved å ettermontere bomullstråden.

Minstemål og røkting

  • Hummar som er mindre enn 25 centimeter lang må du setje ut att i sjøen. Målet skal takast frå spissen av pannehornet til den bakre kant av midtre svømmelapp.
  • Hummarteiner skal røktast minst ein gong per veke.
  • På Skagerrakkysten (avgrensa mot vest av ei rett linje frå Lindesnes fyr til Hanstholm fyr og til grensa mot Sverige) er det innført eit maksimalmål for hummar på 32 cm (totallengde). For å finne totallengde måler du hummaren frå spissen av pannehornet til den bakre kant av midtre svømmelapp. Sjå kart over området der det er innført maksimalmål

Andre viktige reglar

  • Det er ikkje lenger forbode for fritidsfiskarar å sette krabbeteiner på grunnare vatn enn 25 meter.
  • Det er forbod mot fritidsfiske med garn på grunnare vatn enn 25 meter i Skagerrak i perioden frå og med 1. juni til og med 15. august.
Oppdatert: 11.09.2020