Lakserømming i Sognefjorden

Fiskeridirektoratet følgjer opp ei rømmingshending hjå Tombre Fiskeanlegg AS i Vadheimsfjorden i Høyanger.

Hendinga

Tombre Fiskeanlegg hadde 29. oktober ei rømmingshending på lokaliteten Djupeleget i Høyanger kommune i Vestland. Det dreier seg om eit relativt stort hol i ei av nøtene på anlegget.

Selskapet driv gjenfangst i området og har så langt gjenfanga 69 oppdrettslaks. Omfanget av rømminga er ikkje avklart. Fisken som har rømt har ei snittvekt på i overkant av 3 kilo.

Fiskeridirektoratet vil følgje opp med tilsyn hjå selskapet.

Fiskeridirektoratet ønskjer tips

For å få eit bilete av omfang og korleis fisken spreier seg ønskjer Fiskeridirektoratet at publikum melder inn tips om fangstar til vår døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36.

Mottak av fisk

Tombre Fiskeanlegg har oppretta mottaksstasjon på Hjellvika, som vil vere open kl 14:00, for dei som ønskjer å levere inn oppdrettslaks dei har fiska. For levering til andre tidspunkt kan ein ta kontakt med selskapet på tlf: 915 91 782.

Oppdatert: 30.10.2020